18. oktober 2017
  |  Logg inn
Vinne kyrkje stengt - messefall skjærtorsdag og flytting påskedag
Vinne kyrkje stengt - messefall skjærtorsdag og flytting påskedag

Vinne kyrkje vert stengd frå 6. mars til over påske grunna innvendige omgjeringar. Gudstenesta Skjærtorsdag går ut, medan kveldsgudstenesta 1. Påskedag vert flytta til Verdalsøra kapell.

Vi gjer med dette merksam på at Vinne kyrkje må stenges for alle kyrkjelege handlingar og anna aktivitet i tida frå måndag 6. mars til over påske.

Gudstenesta Skjærtorsdag går ut, medan kveldsgudstenesta 1. Påskedag vert flytta til Verdalsøra kapell.

Det skal i denne perioden gjerast følgande innvendige arbeider:

  • Utskifting av alle røyromnar til benkevarmarar under kyrkjebenkane. Alle benkar vert i denne samanhengen fjerna frå plassen sin for å ta bort hattehylle og montere benkevarmarar.
  • Skifte av el-tavle bakom alteret og nødvendige elektriske arbeider ut over dette.
  • Sliping og lasering av golv.

I veke 16, 17 og 18 kan det verte sluttføring av sikringstavle og oppkopling av røyromnar. Dette vil vi komme tilbake til.

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverjen.
 

Her vert preikestolen flytta ut av kyrkja og kyrkjetenar Anne Høknes nytter høvet til ei siste preike.