25. september 2017
  |  Logg inn
Rekonstruert preikestol i Vinne kyrkje
Rekonstruert preikestol i Vinne kyrkje

Den innvendige omgjeringa av Vinne kyrkje til 200-årsjubileet nærmar seg no slutten, med den rekonstruerte preikestolen på plass i alterpartiet.

Den innvendige omgjeringa av Vinne kyrkje til 200-årsjubileet nærmar seg no slutten med den rekonstruerte preikestolen på plass i alterpartiet.

Eit viktig poeng med dei innvendige omgjeringane i Vinne har vore å lage betre plass framme i kyrkja. Derfor er den tradisjonelle alterringen og det gamle alterbordet fjerna. Til erstatning har det kome eit flyttbart alterbord, eit flyttbart knefall og ein ny lesepult. Avslutninga nedanfor alterbildet vert også sluttført før jubileumsfeiringa, der det no kjem eit mykje smalare alterbord av høg handtverksmessig kvalitet. Alterringen er tatt vare på, og kan bli sett opp igjen ved særskilte høve. Den andre store endringa er at den golvplasserte preikestolen også er tatt bort. Alt i alt skal dette vere med på å skape større fleksibilitet, og nærleik mellom kyrkjelyd og prest.

Midt oppe i desse moderniseringane har det likevel vore eit ønske om å få tilbake eit gamalt element i Vinne kyrkje, nemleg den midtmonterte preikestolen i alterpartiet. Denne har vore borte i kanskje meir enn 100 år. Her har Åge Sivertsen i Legno AS gjort ein fantastisk jobb, og det er eit kunstverk som no har erstatta Thorvaldsens Kristus-figur som tidlegare hadde denne plassen. Preikestolen vil mest sannsynleg ikkje bli brukt så ofte, men presten vil ha godt overblikk dei gongane det skjer.

Den offisielle jubileumsfeiringa i Vinne kyrkje går føre seg 24. september i år.