22. oktober 2017
  |  Logg inn
Feira 200 år i fornya kyrkjerom
Feira 200 år i fornya kyrkjerom

Det gamle og det nye var smelta saman til ein flott heilskap då kyrkjelyd, biskop og innbedne gjestar feira at Vinne kyrkje er 200 år.

Det gamle og det nye var smelta saman til ein flott heilskap då kyrkjelyd, biskop og innbedne gjestar feira at Vinne kyrkje er 200 år. Vegen til alteret er opna opp, og Jesus er komen ned blant folket ved at Kristusfiguren har bytta plass med preikestolen.

Vinne sokneråd har i snart ti år arbeidd med å klargjere kyrkja til jubileumsfeiringa. Det ligg ei klår og tydeleg tanke bak endringane som er gjort. Alteret i Vinne kyrkje står no meir opent for alle som vil ta i mot Guds gåver, med alterringen fjerna og det moderne, flyttbare alterbordet på plass. Samtidig er endringane praktiske. Det var veldig trongt framme i kyrkja, både ved fest og gravferd. No har kyrkjerommet vorte mykje meir fleksibelt. Samtidig har ein fått tilbake noko av det heilt originale med rekonstruksjonen av preikestolen sentralt plassert over alterbildet.

Soknerådsleiar Maj Brit Slapgaard Larsen har vore ei sterk drivkraft i arbeidet med fornyinga av Vinne kyrkje. I sin tale i kyrkja la ho ikkje skjul på at det og har vore ein krevjande prosess. Den nye biskopen Herborg Finnset ga ros for den innsatsen som er lagd ned:

- No står kyrkja fram i ei fornya utgåve, der det gamle interiøret får vere med vidare. Innretninga i rommet viser at bruken av kyrkja, og tenkinga rundt bruken av kyrkja, har forandra seg. Vi gler oss saman over endringane, som kan vere med og opne opp, sa biskopen.

Golvet er og slipa, og det er mala i ei farge som harmonerer godt med både gamalt og nytt elles i kyrkja. Samtidig er ikkje den gamle løparen erstatta, slik at Vinne kyrkje har fått ein betre akustikk. Dette fekk kyrkjelyden kjenne på denne dagen; både i sjølve jubileumsgudstenesta med orgelbrus frå kantor Wout Bosschart, korsong frå galleriet, blåsarer og ikkje minst song frå kyrkjelyden som nesten løfta taket, likeså då jubileumsfeiringa vart avslutta med konsert og framføringa av bestillingsverket som Gjermund Larsen har laga til 200-årsjubileet.

Andre endringar til jubileet inkluderer skifte av røyromnar til moderne benkevarmarar og restaurering – og delvis utskifting – av alle vindauge. Det ein ikkje har fått gjort til jubileet, er reparasjon av tårn og tak. I tillegg må det gjerast noko snekkering før kyrkja kan bli mala på nytt. Det er lagt inn 1,5 millionar kroner til desse arbeida i 2019 i økonomiplanen til Sør-Innherad kyrkjelege fellesråd.

Du kan lese meir om jubileet på heimesida til Nidaros bispedøme