14000 nye takspon, 28000 spiker
28. november 2020
  |  Logg inn
14000 nye takspon, 28000 spiker
14000 nye takspon, 28000 spiker

Fornyinga av tårnet i Vinne kyrkje er sluttført med eit godt resultat.

Fornyinga av tårnet i Vinne kyrkje er sluttført med eit godt resultat.

Eit prosjekt som i utgangspunktet skulle ta føre seg utskifting av takspon på spiret og kanskje nokre få bærebjelkar, synte seg raskt som ein mykje større jobb etter kvart som entreprenøren Astra Bygg AS fjerna både innvendig og utvendig kledning. Vi kan no difor seie at tårn og spir er fornya frå botn til topp, og forhåpentlegvis rusta for mange tiår med skiftande ver og årstider.

Det tjærebreidde spiret er kanskje det som er mest iaugefallande for folk som kjem for å sjå på kyrkja. Til dette har det gått med 14000 takspon og 28000 spiker. Eit imponerande stykke handverk!

Dei totale kostnadane knytt til prosjektet vart på nærare 3,5 millionar kroner, om lag tre gonger så mykje som i utgangspunktet berekna. Dette fortel oss at arbeid på dei gamle og ærverdige kyrkjene våre er lite føreseieleg, og at det i framtida difor bør nyttast meir pengar og menneskelege ressursar på å vurdere tilstanden til dei ulike kyrkjebygga før prosjekta vert starta opp.


Bilde: Gjømt under kledninga er det skifta ut bæring i tårnet heilt ned til bakkenivået.
Ei skeivheit i tårnet er også retta noko opp, men det var ikkje teknisk mogleg å få tårnet heilt i lodd.


Bilde. Oppe i klokketårnet ser vi og at det er gjennomført ei betydeleg fornying.



izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort